Maybelle Carter

Maybelle Carter

I 1960-åra
Fødd10. mai 1909(1909-05-10)
FødestadNickelsville i Virginia i USA
Død23. oktober 1978 (69 år)
DødsstadHendersonville i Tennessee i USA
FødenamnMaybelle Addington
OpphavUSA
Aktiv1927–1978
SjangerCountry folk, gospel, americana
InstrumentGitar «1928 Gibson L-5», Gibson L-1 banjo, autoharpe
PlateselskapTop Rank
Verka somsongar, banjospelar, gitarist, låtskrivar, plateartist
MorMargaret Elizabeth Addington
FarHugh Jackson Addington, Sr.
Gift medEzra Carter
BornHelen Carter, June Carter Cash, Anita Carter
PrisarVirginia Women in History

«Mother» Maybelle Carter (10. mai 1909 som Maybelle Addington23. oktober 1978) var ein USA-amerikansk countrymusikar og opphavet til «Carter scratch-stilen» på gitar.[1] Ho er mest kjend som opphavleg medlem i Carter Family i 1920- til 1940-åra, og som medlem av The Carter Sisters and Mother Maybelle.[2]

13. mars 1926 gifta Maybell seg med Ezra Carter, og i 1927 skipa ho Carter Family i lag med svogeren A.P. Carter, som var gift med syskenbarnet hennar, Sara, som òg var med i trioen. Carter Family var eit av dei første kommersielt suksessrike countrygruppene. I lag med mannen fekk ho tre døtrer, Helen, June og Anita.[2]

Carter spelte autoharpe og banjo, og ho var gitaristen i gruppa. Ho skapte ein unik stil for gruppa med ein nyskapande gitarstil som har fått namnet Carter Family-plukking, der ho brukte tommelen til å spele melodi på bassen og mellomstrengane, og peikefingeren til å fylle ut rytmen.[2] Frå 1950-åra og utover vart ho populært kalla «Mother Maybelle» og fungerte som ein matriark i countrymiljøet, trass i at ho på det tidspunktet berre var i 40-åra. Maybelle og døtrene turnerte frå 1940- og gjennom 1960-åra som «The Carter Sisters and Mother Maybelle», men etter A.P. Carter døydde i 1960, tok gruppa attende namnet «The Carter Family», som ofte turnerte i lag med Johnny Cash, som vart svigersonen hennar i 1968.

Maybelle Carter spelte stundom solo i 1960- og 1970-åra. Den siste plata hennar kom ut i 1973, då ho var 64 år, og nådde høgt på Billboard countrylista. Maybelle deltok òg på The Nitty Gritty Dirt Band-plata Will the Circle Be Unbroken.

Maybelle Carter døydde i 1978 etter nokre år med dårleg helse, og vart gravlagd ved sidan av mannen sin, Ezra, i Hendersonville Memory Gardens i Hendersonville i Tennessee.

  1. Olson, Ted. «Carter, Maybelle (1909–1978)». Encyclopedia Virginia. Henta 24. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Zwonitzer, Mark; Hirshberg, Charles (2004). Will You Miss Me When I'm Gone?: The Carter Family & Their Legacy in American Music. Simon & Schuster. ISBN 0-7432-4382-X. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy